VELKOmMEN TIL HOTELL BONDEHEIMEN
ein heimsleg møtestad
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

HOTELL BONDEHEIMEN

Eit historisk kulturhotell midt i Oslo sentrum

Den heimslige møtestad, Hotell Bondeheimen ligg midt i hjarta av Oslo – berre nokre steg frå Karl Johan, Youngstorget og Slottet. Her bur du sentralt, med trikk, buss og T-bane rett utanfor døra.

Hos oss bur du på rom innreidde med respekt for norske tradisjonar, i lune og delikate fargar som gir ei roleg og heimleg ramme rundt opphaldet. Enten du er i Oslo på jobb, ferie eller helgetur, skal det vere godt å kome heim til Bondeheimen.

Bondeheimen er eit historisk kulturhotell med lange tradisjonar for godt vertskap. Historia sit i veggene, og gjester blir møtte som vener. Samstundes er alle rom utstyrte med moderne fasilitetar som møter forventningane til dagens reisande.

Med heile Oslo innan gangavstand – kultur, shopping og byliv – ligg alt til rette for eit godt opphald.

Velkomen til Hotell Bondeheimen.

Tilbod
JANUAR-APRIL

Weekend i Oslo

Nyt ei draumehelg på Hotell Bondeheimen med nokon du er glad i. Mjuke senger, gode minne og ein deilig frukost ventar på dykk!

les meir
Kvinne ved Operahuset i Oslo
Hotellfrukost
OKTOBER - APRIL

Langtidsopphald

Har du behov for eit litt lengre opphald? Du skal kanskje pusse opp heime, eller kanskje du rett og slett berre vil reise bort litt. Vi har eit supert tilbod til deg som ønskjer å bu over fleire dagar.

les meir
Hotellfrukost
Hotellrom med dobbelseng, bord og stoler

VÅRE ROM

Hotellet har 145 rom i sentrale Oslo. Spesialdesigna møblar kombinert med moderne skandinavisk design, gir romma eit særpreg. Romkategoriane varierer frå enkeltrom til loft suite.

les meir

MAT OG DRIKKE

I hotellets første etasje held Kaffistova til. Her har vi servert tradisjonell norsk mat sidan 1901. Kafeen har plass til 150 gjester. Vi kan reservere om lag 100 av desse for lukka lunsj- eller middagsselskap.

les meir
Nærbilde av ost og druer
Pakke legges ned på seng.

Family Lojalitetsprogram

Bli Medlem!
Som medlem av vårt lojalitetsprogram blir du ein prioritert gjest og får tilgang til ei rekke eksklusive fordelar. Vi ønskjer at du skal føle deg velkommen og godt ivaretatt kvar gong du besøker oss, og målet vårt er å belønne deg for din lojalitet med fleire unike opplevingar.

les meir

MØTER & EVENT

Med beliggenheit ved Karl Johan er Hotell Bondeheimen den perfekte møtestaden for mindre møte i Oslo sentrum. Med kapasitet for opp til 12 personar er rommet ideelt for styremøte og andre mindre selskap. Møte kan kombinerast med frukost, lunsj eller middag frå Kaffistova.

les meir
Stoler og bord i felles stue
PARKERING
FAMILIEROM
TRENINGSSTUDIO
GRATIS WI-FI
RESTAURANT