Velkommen til Kaffistova
– tradisjon og kvalitet sidan 1901

På Kaffistova i Oslo står norsk mat i fokus! Vi ligg midt i Oslo sentrum og her serverer vi vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Maten er laga av glade kokkar - og basert på gode, norske mattradisjonar. Norske spesialitetar, som til dømes raspeball, kjøttkaker og fårikål vert servert i rause porsjonar til ein hyggeleg pris. Og vi kan vel seie at kjøttkakene våre er dei mest populære i landet? Vi sel i alle fall over fire tonn kjøttkaker i året.

Kaffistova er også den ideelle lunsj-staden; du får rask og effektiv servering av både varm og kald mat, og vi har ei sentral plassering i Oslo sentrum, berre eit kvartal frå Karl Johans gate. Gjestene våre er turistar frå både innland og utland, forretningsfolk som er på møte i nærleiken eller på veg heim frå jobb; for ikkje å gløyme stamgjestane våre. Du vil alltid møte ei varm og trivelig stemning i Kaffistova, for her er det alltid gjester.

Alle kakene bakar vi sjølve, og vår dyktige konditor lagar også heile kaker som du kan kjøpe til fredagskaffien, eller til ei anna anledning. Ta kontakt for eit godt tilbod!

I Kaffistova serverer vi tradisjonell, norsk frukost til hotellgjestene våre kvar morgon! Eit godt utval av brød og pålegg er basisen for ein norsk frukost, i tillegg til varmretter som egg og bacon.

Kom innom Kaffistova når du besøker Oslo og har lyst på heimelaga, norsk mat. Vi er ein koseleg kafé og restaurant som ligg midt i Oslo sentrum.

Type mat

  • Europeisk mat
  • Lokal mat

Stemning

  • Familievennleg
  • Moderne
  • Uformell

Anna

  • À la carte

Opningstider

Måndag til fredag: 11.00 til 21.00
Laurdag: 11.00 til 19.00

Søndag: Stengt

PARKERING
FAMILIEROM
TRENINGSSTUDIO
GRATIS WI-FI
RESTAURANT