Hånd som holder en penn og peker mot et digitalt skjermgrensesnitt som viser et samtykkeskjema med teksten 'I agree to the term & conditions', en avkryssingsboks som er merket, og knappene 'ACCEPT' og 'DECLINE'.
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Vilkår

‍

1. Kven vilkåra gjeld for‍

Hotell Bondeheimen AS (org.nr. 934 898 842), Kristian IVs gate 2, 0164 Oslo, tilbyr overnatting og møterom. Vilkåra gjeld for bestilling og opphald via bondeheimen.no, i resepsjonen og på telefon. Bordbestilling hos Kaffistova skjer via eit anna system og har eigne vilkår.

2. Pris og bestilling‍

Prisen og vilkåra for kvar rate går fram under bestillinga og i bekreftinga du får på e-post. Bestillinga er bindande når du har fått bekreftinga.

3. Betaling‍

Betalingsvilkåra følgjer den raten du har valt, og går fram av bookingbekreftinga.

4. Avbestilling og endring‍

Reglane for avbestilling og endring følgjer bookinga og er ikkje like for alle rater. Du finn dei i bookingbekreftinga. Les ho nøye. Angrerettlova gjeld ikkje for overnatting på ein bestemt dato (jf. angrerettlova § 22).

5. Innsjekk og utsjekk‍

Innsjekk er frå kl. 15.00. Utsjekk er innan kl. 12.00. Tidleg innsjekk eller sein utsjekk kan avtalast med resepsjonen, og avheng av tilgjenge.

6.Husreglar

Røykfritt: Det er ikkje tillate å røykje eller bruke e-sigarettar inne på hotellet eller på romma. Brot gir eit gebyr på kr 2 500 for ekstrareingjering og utlufting.‍

Ro: Ta omsyn til andre gjester. Me ber om ro mellom kl. 23.00 og 07.00.‍

Gjester og besøk: Romma er til dei som er registrerte i bookinga. Maksimalt tal personar følgjer romtypen. Besøk er velkomne til kl. 22.00. Overnatting av gjester som ikkje er registrerte, er ikkje tillate utan avtale med resepsjonen.‍

Kjæledyr: Hundar er velkomne. Sjå reglane på bondeheimen.no/kjaeledyr.‍

Brannvern: Bruk ikkje levande lys. Ikkje dekk til eller kople frår øykvarslarar. Ikkje blokker dører eller rømingsvegar. Følg branninstruksen på rommet.‍

Batteri og lading: Oppladbare batteri til sykkel, elsparkesykkel og liknande skal ikkje ladast eller oppbevarast på romma. Spør resepsjonen om kvar du kan setje frå deg sykkel eller sparkesykkel.

Skader: Du er ansvarleg for skader du eller dei du har med deg gjer på rom og inventar. Meld frå til resepsjonen om skader.‍

Verdisaker og nøkkel: Alle rom har safe der du kan oppbevare verdisaker. Hotellet er ikkje ansvarleg for verdisaker som ikkje ligg i safen. Mistar du nøkkelkortet eller eininga med romnøkkelen, må du melde frå til resepsjonen med ein gong.‍

Bruk av rommet: Romma skal ikkje brukast til fest, arrangement eller kommersiell verksemd utan avtale.‍

Alvorlege brot: Ved alvorlege eller gjentekne brot på husreglane kan hotellet vise gjesten bort utan refusjon.

7. Digital romnøkkel (Wallet-nøkkel)‍

Du kan få romnøkkelen i Apple Wallet eller Google Wallet på ei kompatibel eining. Nøkkelen blir aktivert for opphaldet ditt etter nettinnsjekken, og er berre gyldig i den perioden. Du kan alltid velje fysisk nøkkelkort i resepsjonen, og du kan bruke begge samtidig. Mistar du eininga, må du kontakte resepsjonen på telefon +4723214100 med ein gong, slik at nøkkelen kan stengjast. Du kan òg bruke Find My (Apple) eller Find My Device (Google) til å låse eller fjernslette eininga. Wallet-tenestene blir leverte av Apple og Google, og Hotell Bondeheimen er ikkje ansvarleg for deira tenester. AppleWallet er eit varemerke som tilhøyrer Apple Inc. Google Wallet er eit varemerke som tilhøyrer Google LLC.

8. Personvern‍

Korleis me behandlar personopplysningane dine, står i personvernerklæringa.

9. Reklamasjon og klage‍

Er du misnøgd, ta kontakt med oss først på resepsjon@bondeheimen.com, så prøver me å finne ei løysing. Du kan òg få rettleiing frå Forbrukarrådet.

10. Lovval‍

Vilkåra og avtalen om opphald følgjer norsk rett.

‍

Kontakt:‍

Spørsmål om vilkåra: resepsjon@bondeheimen.com

‍

Oppdatert: 20.10.2026

PARKERING
FAMILIEROM
TRENINGSSTUDIO
GRATIS WI-FI
RESTAURANT