Oops! Something went wrong while submitting the form.
Tilbod
I dag handlar mykje om skreddarsydde opplevingar. Uansett om du reiser i jobb eller privat samanheng, ønskjer vi å gjere ditt besøk i Oslo best mogleg. Få mest ut av ditt neste besøk ved å sjå gjennom tilboda våre og velje det som passar deg best.
Heile året
Overnatting med 3-retters middag
Opplev ei heilskapleg kveld med 3-retters middag i Kaffistova, overnatting i rolige omgjevnader og frukost neste morgon. Tradisjon, kultur og gode smakar – midt i Oslo.
Ta vare på tida saman med eit romantisk opphald på Hotell Bondeheimen. Pakken inkluderer overnatting, 3-retters middag i Kaffistova, champagne og sjokolade på rommet ved ankomst – og frukost neste morgon.
Har du behov for eit litt lengre opphald? Du skal kanskje pusse opp heime, eller kanskje du rett og slett berre vil reise bort litt. Vi har eit supert tilbod til deg som ønskjer å bu over fleire dagar.