Hotell Bondeheimen fasade

HOTELL BONDEHEIMEN

Der historia sit i veggene

Hotell Bondeheimen er over hundre år, og det er få hotell i den norske hovudstaden som kan skilte med ei like lang historie. Eigaren har alltid vore Bondeungdomslaget i Oslo, og overskotet frå hotelldrifta blir brukt til å finansiere det frivillige arbeidet i BUL innanfor teater, song, dans, barnelag og idrett.

Hotell Bondeheimen vart opna i 1913, og vart eitt av mange lagsbruk som vart etablert i denne tida. I alt vart det opna over 200 slike tiltak - frå kaffistover og bondeheimar til skular og pressetiltak. I dag, hundre år etter, er nokre av desse framleis i drift.

I siste halvdel av 1800-talet var det stor tilflytting til Oslo og andre større byar i landet. Det var langt større kulturelle skilnader mellom by og bygd enn i dag, og klasseskilja mellom folk var store. Bondeungdommen som kom flyttande inn til byen for å byggje seg ei framtid og eit godt liv, måtte skjermast frå freistingar og farar og skaffe seg eit godt sosialt miljø. For BUL vart det derfor eit naturleg formål "å samla bondeungom til samvær og samarbeid på heimleg grunn og gjeva landsungdom i Oslo vern og hjelp". Og dermed blei også Hotell Bondeheimen oppretta!

Sentralt i Oslo

Plasseringa til Hotell Bondeheimen er suveren. Langs den eine aksen kryssar du Bondeheimen om du går frå Stortinget til Tinghuset. Langs den andre aksen treffer du på Bondeheimen om du drar frå Oslo Sentralstasjon til forlagshusa Aschehoug og Gyldendal, Universitetet eller Det Norske Teatret. I dette skjeringspunktet har Hotell Bondeheimen opplevd mykje - og skapt historie.

Kultur på Hotell Bondeheimen

Hotell Bondeheimen er nær knytt til norskdomsrørsla og kulturelle miljø i Oslo. Med prosjektet "Rom for litteratur" valde vi å knyte kvart av dei 145 hotellromma våre til ein forfattar eller kulturperson som har hatt noko med hotellet eller BULs historie å gjere. På romma heng derfor eit sitat frå ein sentral tekst og eit portrett med ein kort biografisk informasjon.

Utanfor inngangane til hotellet, Kaffistova og Teatersalen er det lagt ned skiferheller med korte sitat skorne i stein. Her er sitat av Ivar Aasen, Olav H. Hauge og Halldis Moren Vesaas valde ut.

Med dette håper vi å gi gjestene våre eit blikk inn i den rike og varierte kulturhistoria som fyller dette huset.

KULTUR OG HISTORIA

Hotell Bondeheimen i Oslo er saman med mellom andre Kaffistova og Heimen Husfliden, eit dotterselskap av Bøndenes Hus.

Hotell Bondeheimen og Kaffistova, slik dei nå ligg i Kristian IVs gate 2, blei grunnlagt i 1913. Alle desse åra har Hotell Bondeheimen vore overnattingsstad for folk frå distrikta.

Også kunstnarar som Sigrid Undset og Knut Hamsun, avisfolk frå Akersgata og skodespelarar frå teatra i området har hatt Bondeheimen i Oslo som eit naturleg val.

PARKERING
FAMILIEROM
TRENINGSSTUDIO
GRATIS WI-FI
RESTAURANT

Fasilitetar

Kjæledyr
  • Kjæledyr er ikkje tillatt.
Aktivitetar
  • Treningsstudio
Mat og drikke
  • Barnemenyar
  • Snackbar
  • Bar
  • Restaurant
Internett
  • Gratis Wi-Fi er tilgjengeleg over heile hotellet.
Parkeringsplass
  • Offentlig parkeringsplass finst i nærleiken (førehandsreservasjon ikkje nødvendig) og kostar ekstra.
Tjenester
  • Dagleg reingjering
  • Kiosk
  • Privat inn-/utsjekking
  • Bagasjeoppbevaring
  • Kopimaskin
  • Matpakke
  • Suvenir-/gåvebutikk
  • Klesrens
  • Klesvask
  • Døgnopen resepsjon
  • Møte-/selskapslokale
Underhaldning og familietjenester
  • Chromecast
Sikkerheit
  • Brannsløkkingsapparat
  • Sikkerhetskamera i fellesområda
  • Røykvarslarar
  • Sikkerheitsvakt døgnet rundt
  • Tilgang til profesjonell helsehjelp
  • Førstehjelpsutstyr er tilgjengeleg
  • Handdesinfeksjon i fellesområde
Generelt
  • WiFi i alle område
  • Røykfritt på heile hotellet
  • Allergivennlege rom
  • Butikkar på overnattingsstaden
  • Varmeanlegg
  • Safe
  • Heis
  • Familierom
  • Handikapvennleg
  • Aviser