Top suite
Juniorsuite
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

TOP SUITE

Romsleg topsuite med originale detaljar frå 1913, historisk særpreg og individuell innreiing. Eit unikt val for opphald i Oslo sentrum.

Storleik på rom:
50 m2
Antal gjester:
maks 4
Type senger:
1 dobbeltseng & 1 sovesofa
booking »
No items found.

Fasilitetar

Våre topsuitar er romslege og særprega suitar i Oslo sentrum, individuelt innreidde med unike og originale detaljar frå 1913. Dette er rom for deg som ønskjer meir enn eit vanleg hotellopphald – med god plass, komfort og ei tydeleg kjensle av historia i veggane.

Topsuitane kombinerer historisk særpreg med moderne komfort. Romma har king-size seng på 180 x 200 cm, air condition, sovesofa, skrivebord og flatskjerm-TV med innebygd Chromecast. Dei bevarte detaljane gir romma ein eigen identitet og eit uttrykk som skil seg frå meir standardiserte hotellrom.

På rommet finn du safe til sikker oppbevaring av verdisaker, strykejern og strykebrett, kaffi- og tekokar, kjøleskap og garderobeskap. Romma har parkett/tregolv, gratis internett og fri tilgang til hotellets treningsrom.

Topsuitane har eige bad med dusj eller badekar, Rituals velværeprodukt og hårfønar. Som gjest på Hotell Bondeheimen bur du midt i Oslo sentrum, med kort veg til Karl Johans gate, Nationaltheatret, Stortinget, Oslo rådhus, Aker Brygge, kollektivtransport, shopping, kultur og restaurantar.

Frukost er inkludert, og i same hus finn du Kaffistova, vår tradisjonsrike restaurant med norsk mat og historie tilbake til 1901.

Alle topsuitane er røykfrie.

Fasilitetar på topsuite

  • King-size seng, 180 x 200 cm
  • Air condition
  • Flatskjerm-TV med innebygd Chromecast
  • Skrivebord
  • Sovesofa
  • Safe til sikker oppbevaring av verdisaker
  • Strykejern og strykebrett
  • Kaffi- og tekokar
  • Kjøleskap
  • Eige bad med dusj eller badekar
  • Rituals velværeprodukt
  • Hårfønar
  • Garderobeskap
  • Parkett/tregolv
  • Gratis internett
  • Fri tilgang til hotellets treningsrom
  • Røykfritt rom

No items found.
« Sjå alle rom
PARKERING
FAMILIEROM
TRENINGSSTUDIO
GRATIS WI-FI
RESTAURANT