
125 år med norske smakar – og vi er langt frå ferdige Heimelaga mat, norske råvarer og tradisjonar som lever vidare På Kaffistova har norsk matkultur stått i sentrum sidan 1901. Midt i Oslo sentrum serverer vi heimelaga mat basert på norske råvarer, godt handverk og respekt for tradisjonane som har forma oss. Menyen vår er forankra i det klassiske norske kjøkkenet, men i stadig utvikling. Vi tek vare på det folk kjenner igjen – og fornyar det med varsam hand, i takt med tida vi lever i. Kjøttkakene er eit godt døme. Dei har vore ein del av Kaffistova i generasjonar og er i dag blant dei mest kjende rettene våre. For oss handlar det om ansvar: å gjere dei skikkeleg, kvar einaste dag. Sidan 1913 har Kaffistova halde til i Rosenkrantz’ gate, som ein heimsleg møtestad for gjester frå alle kantar. I år markerer vi 125 år – ei historie vi er stolte av, og som lever vidare rundt borda våre.
Tronfjellskinke og speka reinsdyrpølse, brie, Chêvre frå Haukeli og 5 år lagra Norvegia
med heimelaga knekkebrød, aprikossyltetøy, akasia honning og nøtter
M – G – Ma - Se
Drikkeanbefaling: Marques de Murrieta Reserva, Sagene lys eller Aas Uten
Fyldig fiskesuppe med fiskebitar, reker og grønsaker, servert med brød og smør
M – F – Sel – Sk – G
Drikkeanbefaling: Chablis St. Martin 2023, Domaine Laroche, Fatøl dampa
eller Sognamost Eplemost ytre
Servert med hollandaises og ostechips av 5 år lagra Norvegia
M - Sen – Su - Se
Drikkeanbefaling: Riesling trocken 2023, Schloss Vollrads, Fatøl eller Aas Uten
Ryka laks på ostekrem, Tronfjellskinke på ramsløk chêvre frå Haukeli og
chêvre med akasia honning og valnøtt, alt servert på heimelaga knekkebrød
F - M – G – V - Se
Drikkeanbefaling: Chardonnay cuvée Edme, Maison Champy – Nøgne Ø American IPA –
Sognamost Eple & Pære
cheddar og bacon, servert med pommes frites
M – Sel – Sk – G – E – Sen
Drikkeanbefaling: Chateau La Garde Grand Vin de Graves - Hansa fatøl - Aas Utan
Servert med norsk cheddar, bacon, salat, tomat, sylta agurk og pommes frites
M – Sel – SK – G - E – Sen
Drikkeanbefaling: Barbera d’Alba 2021, Vajra - Fatøl - Aas Uten
Sprøsteikt Norvegia i briochebrød med dressing, salat, tomat og raudløk,
servert med søtpotetfries
M – G - E
Drikkeanbefaling: Grüner Veltliner 2023, Loimer - Fatøl - Aas Uten
Sprø romanosalat med klassisk cæsardressing, saftig kylling, bacon,
Norsk Alpeost og brødkrutongar
G – E – F – M – Sel – Sen
Drikkeanbefaling: Rosé, Domaine Trienne – Sognamost Eplemost
Lun chèvre frå Haukeli med Tronfjellskinke, rista valnøtter og honningvinaigrette
M – SEL – SU – V
Drikkeanbefaling: Sancerre La Chatellenie 2023, Joseph Mellot –
Sognamost Eple og bringebærmost
Fyldig og krema fiskesuppe med fiskebitar, reker og sesongens grønsaker, servert med brød og smør
M – F – Sel – Sk – G
Drikkeanbefaling: Chablis St. Martin 2023, Domaine Laroche, Fatøl eller Sognamost Eplemost
Med mjuk ertepuré tilsatt Norsk Alpeost, asparges, minigulrot,
babypoteter og klassisk hollandaise
M – F
Drikkeanbefaling: Chablis 1er Cru Les Vaudevey, Domaine Laroche –Sognamost Eplemost
Servert med frisk agurksalat, Sandefjordsmør og kokt potet
F – M – Su
Drikkeanbefaling: Bourgogne Chardonnay ‘Cuvée Edme’ – Sognamost Eple og bingebærmost
Langtidssteikt med heimelaga grillsaus, bakte babypoteter, grilla spisskål og sylta paprika
Sel - Su – M
Drikkeanbefaling: Château Pey La Tour Réserve 2019, Bordeaux – Sognamost Eple og solbærmost
Servert med krema estragonsaus, ostechips av 5 år lagra Norvegia og grønsaker
Sel – Su – M
Drikkeanbefaling: Barbera d’Alba Superiore, Fenocchio –Sognamost Eple og bringebærmost
Servert med klassisk ertestuing, poteter og brun saus
M – G
Drikkeanbefaling: Ogier Artesis Côtes du Rhône 2022- Nøgne Ø IPA eller Nøgne Ø Himla Humle
Med soppsaus, steikte grønsaker og potet
G – So - M
Drikkeanbefaling: Pinot Noir ‘Cuvée Edme’ - Nøgne Ø IPA - Aas Utan
Det søte har alltid hatt ein naturleg plass på Kaffistova. I ei tid då kaffistover var viktige møtestader i byen, var det kaker, dessertar og godt bakverk som samla folk rundt borda – til kaffi, samtale og ein pause i kvardagen.
På Kaffistova har vi halde fast ved denne tradisjonen. Dessertar og kaker blir laga frå botnen av, med respekt for klassisk konditorhandverk og med rom for forsiktig fornying. Oppskrifter har gått i arv, teknikkar er vidareførte, og smaken av det heimelaga har alltid vore det viktigaste.
Vår konditor er ein del av huset – ikkje eit tillegg. Her blir dessertar og kaker laga med same omtanke som resten av menyen, og utvalet følgjer både sesong og stemning i huset. Nokre klassikarar kjem att år etter år, andre får kortare besøk.
Det handlar ikkje om å vere prangande, men om å vere ekte. Søtt handverk, laga skikkeleg – slik Kaffistova alltid har gjort det.
Kvæfjordkake med sitronostekrem, pistasj og mandlar
E - M – G – Pis – Ma
Serveres med bringebærskum, chêvre krem og sjokoladesand
E - M – G
Drikkeanbefaling: Gewürztraminer Vendange Tardive 2015, Hugel – Sognamost Eple og pæremost
Ingen kjende allergen
Drikkeanbefaling: Rosato Sangiovese, Dianella – Sognamost Eple- ogpæremost
Eit utval av sesongens kaker frå vår eigen konditor
(spør personalet om allergen i dagens utval)
Tre stykke handlaga konfekt
(kan innehalde nøtter, mandlar, mjølk og gluten – spør personalet) G
Kaffistova vart stifta i 1901 av Bondeungdomslaget i Oslo, med eit tydeleg mål: å skape ein open og inkluderande møtestad i hovudstaden der nynorsk språk, norsk kultur og kvardagsliv fekk ein naturleg plass.
Her skulle folk kjenne seg heime. Rundt borda vart ord, tankar og måltid delte – på eit språk som høyrde til i kvardagen. Denne grunntanken har prega Kaffistova sidan starten, og lever vidare i huset den dag i dag.
«Målet er eit heimemål.»
— Hulda Garborg
Ryka laks på ostekrem, Tronfjellskinke på ramsløk chêvre frå Haukeli og
chêvre med akasia honning og valnøtt, alt servert på heimelaga knekkebrød
Langtidssteikt med heimelaga grillsaus, bakte babypoteter, grilla spisskål og sylta paprika
Sel - Su – M
eller
Med mjuk ertepuré tilsatt Norsk Alpeost, asparges, minigulrot,
babypoteter og klassisk hollandaise
Kvæfjordkake med sitronostekrem, pistasj og mandlar
725,-
Duft av grøne eple og sitrus, fyldig smak med hint av salte mineralar og god og lang ettersmak
Duft av røde bær og lær og lakris, balansert smak av røde og mørke bær og med god lengde på smaken
Fyldig med god frukt, behageleg syre og mineralaktig fedme og flott søt avslutning
450,-
Kaffistova opna dørene sine i Oslo i 1901, i ei tid då byen vaks og nye møtestader tok form. Frå starten var ambisjonen klar: å vere ein open og inkluderande stad der norsk matkultur og språk fekk plass, midt i hovudstaden.
I 1913 flytta Kaffistova inn i Rosenkrantz gate, vegg i vegg med Bondeheimen. Saman utvikla dei seg til ein heimsleg møtestad for reisande, kunstnarar, studentar og fastbuande – ein stad der ein kunne samlast rundt god, norsk mat i trygge og kjende rammer.
Gjennom skiftande tider har Kaffistova halde fast ved det same grunnlaget: heimelaga mat, gode råvarer og respekt for tradisjonane. Samstundes har menyen vore i stadig rørsle, forma av nye generasjonar kokkar og gjester – alltid med det klassiske norske kjøkkenet som utgangspunkt.
I dag er Kaffistova framleis ein levande del av Oslo sentrum. Her møtest historie og samtid rundt borda, slik dei har gjort i over hundre år.
I år markerer vi 125 år. Ei lang historie – og ei som framleis blir skriven, kvar einaste dag.
.jpg)
Sidan 1901
På Kaffistova i Oslo står norsk mat i fokus! Vi ligg midt i Oslo sentrum og her serverer vi vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Maten er laga av glade kokkar og konditorar - og basert på gode, norske mattradisjonar. Norske spesialitetar, som til dømes raspeball, kjøttkaker, fiskegrateng, lutefisk og fårikål vert servert i sesong. Og vi kan vel seie at våre kjøttkaker er dei mest populære i landet? Vi sel i alle fall over fire tonn kjøttkaker i året. Viste du at om du tek alle kjøttkakene og stablar dei oppå kvarandre så kjem du 625 meter opp i lufta. Til dømes så ligg Tryvannstårnet på 529 moh.
Den første Kaffistova opna i 1901 i Oslo sentrum. Sidan 1913 har Kaffistova halde til her i Rosenkrantzgate.
Gjestene våre femner alle grupper: journalistar, forretningsfolk, statsrådar, skodespelarar, advokatar, turistar, forfattarar og studentar.
.jpg)
.jpg)
