Lunsj meny våren 2026

På Kaffistova har norsk matkultur stått i sentrum sidan 1901. Midt i Oslo sentrum serverer vi heimelaga mat basert på norske råvarer, godt handverk og respekt for tradisjonane som har forma oss. Menyen vår er forankra i det klassiske norske kjøkkenet, men i stadig utvikling. Vi tek vare på det folk kjenner igjen – og fornyar det med varsam hand, i takt med tida vi lever i. Kjøttkakene er eit godt døme. Dei har vore ein del av Kaffistova i generasjonar og er i dag blant dei mest kjende rettene våre. For oss handlar det om ansvar: å gjere dei skikkeleg, kvar einaste dag. Sidan 1913 har Kaffistova halde til i Rosenkrantz’ gate, som ein heimsleg møtestad for gjester frå alle kantar. I år markerer vi 125 år – ei historie vi er stolte av, og som lever vidare rundt borda våre.

Smørbrød – klassikarar på Kaffistova

Smørbrød – ein levande del av Kaffistova

Smørbrød har vore ein naturleg del av Kaffistova sidan dei første åra. I ei tid då Oslo vaks som handels- og reisestad, trong folk mat som var god, mettande og rask å servere – utan å gå på kompromiss med kvalitet og handverk.

På Kaffistova vart smørbrøda lagde ferske, etter bestilling, med gode råvarer og rikeleg pålegg. Slik er det framleis. Her handlar det om ferskt brød, varmt pålegg der det høyrer heime og klassiske kombinasjonar som har halde stand gjennom generasjonar.

Smørbrøda våre er tufta på nordiske tradisjonar, med inspirasjon frå både norsk og dansk serveringskultur. Dei er meint å vere eit fullverdig måltid – anten du kjem innom for ein rask lunsj, eit tidleg måltid, eller berre ønskjer noko godt på tallerkenen.

Enkle retter, laga skikkeleg. Slik har det vore – og slik skal det vere.

Smørbrødtallerken 310,-

Ei raus samansetjing av Skagenrøre, ½ heimelaga karbonade og røykelaks,

tre klassikarar samla på éin tallerken

G – M – Sk – E – F

Kaffistova sitt ostesmørbrød med lun brie 235,-

Servert med ostekrem med sylta paprika og cherry tomat og ruccola

M – G - V

Elgkarbonadesmørbrød 265,-

Saftig karbonade med steikt løk og klassisk potetsalat

G – Sen

Smørbrød med Skagenrøre 275,-

Krema Skagenrøre med reker, krepsehalar og rogn,

inspirert av den nordiske kysttradisjonen

G – Sk – M

Sprøsteikt raudspette 245,-

Sprøsteikt filet servert med frisk salat og dansk remulade

G – Sen

Handpilla reker 270,-

Handpilla reker med sitron, dill og heimelaga majones

G – Sk – E

Røykelaks og eggerøre 250,-

Røykelaks servert med luftig, heimelaga eggerøre – ein tidlaus favoritt

G – E – F – M

Salat

Cæsarsalat 280,-

Sprø romanosalat med klassisk cæsardressing, saftig kylling, bacon,

Norsk Alpeost og brødkrutongar

G – E – F – M – Sel – Sen

Drikkeanbefaling: Rosé, Domaine Trienne – Sognamost Eplemost

Salat med Chèvre frå Haukeli 280,-

Lun chèvre frå Haukeli med Tronfjellskinke, rista valnøtter og honningvinaigrette

M – SEL – SU – V

Drikkeanbefaling: Sancerre La Chatellenie 2023, Joseph Mellot –

Sognamost Eple og bringebærmost

Varmmat frå 12.00

Stova sin dampa laksefilet 370,-

Servert med frisk agurksalat, Sandefjordsmør og kokt potet

B – M – Su

Drikkeanbefaling: Bourgogne Chardonnay ‘Cuvée Edme’–

Sognamost Eple og bingebærmost

Kaffistova si fiskesuppe 225/290,-

Fyldig fiskesuppe med fiskebitar, reker og grønsaker, servert med brød og smør

M – F – Sel – Sk – G

Drikkeanbefaling: Chablis St. Martin 2023, Domaine Laroche,

Fatøl - Sognamost Eplemost

Heimelaga kjøttkaker 285,-

Servert med klassisk ertestuing, poteter og brun saus

E - M – G

Drikkeanbefaling: Barbera d'Alba Supperiore, Fenocchio - Nøgne Ø IPA

Nøgne Ø Himla Humle

Elgkarbonadar 295,-

Med soppsaus, steikte grønsaker og potet

G – So - M

Drikkeanbefaling: Pinot Noir ‘Cuvée Edme’, Maison Champy- Nøgne Ø IPA

Nøgne Ø Himla Humle

Kaffistova-burgar 295,-

cheddar og bacon, servert med pommes frites

M – Sel – Sk – G – E – Sen

Drikkeanbefaling: Chateau La Garde Grand Vin de Graves - Hansa fatøl - Aas Utan

Jarlsberg steikeost 285,-

Sprøsteikt Jarlsberg i briochebrød med dressing, salat, tomat og raudløk,

servert med søtpotetfries

M – G

Drikkeanbefaling: Grüner Veltliner 2023, Loimer - Fatøl - Aas Uten

Søtt handverk – frå vår konditor

Det søte har alltid hatt ein naturleg plass på Kaffistova. I ei tid då kaffistover var viktige møtestader i byen, var det kaker, dessertar og godt bakverk som samla folk rundt borda – til kaffi, samtale og ein pause i kvardagen.

På Kaffistova har vi halde fast ved denne tradisjonen. Dessertar og kaker blir laga frå botnen av, med respekt for klassisk konditorhandverk og med rom for forsiktig fornying. Oppskrifter har gått i arv, teknikkar er vidareførte, og smaken av det heimelaga har alltid vore det viktigaste.

Vår konditor er ein del av huset – ikkje eit tillegg. Her blir dessertar og kaker laga med same omtanke som resten av menyen, og utvalet følgjer både sesong og stemning i huset. Nokre klassikarar kjem att år etter år, andre får kortare besøk.

Det handlar ikkje om å vere prangande, men om å vere ekte. Søtt handverk, laga skikkeleg – slik Kaffistova alltid har gjort det.

Verdens beste kake 135,-

Kvæfjordkake med sitronostekrem, pistasj og mandlar

E - M – G – Pis – Ma

Konfektkake 145,-

Serveres med bringebærskum, chêvre krem og sjokoladesand

E - M – G

Drikkeanbefaling: Gewürztraminer Vendange Tardive 2015, Hugel – Sognamost Eple og pæremost

Sorbet av sesongens smakar frå Kulinaris 125,-

Ingen kjende allergen

Drikkeanbefaling: Rosato Sangiovese, Dianella – Sognamost Eple- ogpæremost

Vårt kakeutval 95,-

Eit utval av sesongens kaker frå vår eigen konditor

(spør personalet om allergen i dagens utval)

Dagens konfekt 95,-

Tre stykke handlaga konfekt

(kan innehalde nøtter, mandlar, mjølk og gluten – spør personalet)

Opne menyen som vedlegg »
Open menu attachment »book bord her »
Illustrasjon: Hotell Bondeheimen i gamledagar

KAFFISTOVA

Sidan 1901

Spreie norske mattradisjonar til nye generasjonar gjester

På Kaffistova i Oslo står norsk mat i fokus! Vi ligg midt i Oslo sentrum og her serverer vi vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Maten er laga av glade kokkar og konditorar - og basert på gode, norske mattradisjonar. Norske spesialitetar, som til dømes raspeball, kjøttkaker, fiskegrateng, lutefisk og fårikål vert servert i sesong. Og vi kan vel seie at våre kjøttkaker er dei mest populære i landet? Vi sel i alle fall over fire tonn kjøttkaker i året. Viste du at om du tek alle kjøttkakene og stablar dei oppå kvarandre så kjem du 625 meter opp i lufta. Til dømes så ligg Tryvannstårnet på 529 moh.

Den første Kaffistova opna i 1901 i Oslo sentrum. Sidan 1913 har Kaffistova halde til her i Rosenkrantzgate.

Gjestene våre femner alle grupper: journalistar, forretningsfolk, statsrådar, skodespelarar, advokatar, turistar, forfattarar og studentar.

Bilete frå gamledagar
Bilete frå gamledagar

Collage med fleire gamle bilete.