Foto Eirik Førde

After Run meny - sentrumsløpet 25. april 2026

After run på KaffistovaEtter eit løp gjennom Oslo sentrum er det godt å lande ein stad med puls, historie og vertskap. Difor inviterer Kaffistova og Hotell Bondeheimen til after run i eit hus som gjennom generasjonar har vore ein naturleg møtestad i byen. Her møter du ei ramme prega av identitet, varme og tradisjon, samla rundt god mat og drikke. I samband med Sentrumsløpet har vi sett saman ei eiga meny for dagen – for løparar, heiagjengar og andre som vil avslutte dagen i heimslege omgjevnader midt i sentrum.

Meny

Hamburgar

Hamburgar med cheddar og bacon, pommes frites og aioli 295,-

M – SEL – SK – G – SEL – E - SEN

Jarlsberg steikeost med briochebrød, dressing,

salat, tomat og sylta raudlauk (Vegetar) 285,-

M – G

Salat

Cæsarsalat med romanosalat, cæsardressing,

kylling, bacon, parmesan og brødkrutongar 285,-

G – E – F – M – SEL - SEN

Pizza

Pizza med 24 mnd lagra Tronfjellskinke, norsk mozzarella, raud saus,

ruccola, pinjekjerner og chiliolje 260,-

M – G - pin

Pizza med 4 norske ostar, raud saus, Jarlsberg, Alpeost, norsk cheddar,

og 15 mnd lagra Norvegia 260,-

M – G – Su

Fisk

Stova sin dampa laksefilet servert med agurksalat, Sandefjordsmør og potet 370,-

F – M - Su

Kjøtt

Ytrefilet av kalv med krema estragonsaus,

ostechips av 5 år lagra Norvegia og grønsakar 455,-

M – Sel - Su

Opne menyen som vedlegg »
Open menu attachment »book bord her »
Illustrasjon: Hotell Bondeheimen i gamledagar

KAFFISTOVA

Sidan 1901

Spreie norske mattradisjonar til nye generasjonar gjester

På Kaffistova i Oslo står norsk mat i fokus! Vi ligg midt i Oslo sentrum og her serverer vi vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Maten er laga av glade kokkar og konditorar - og basert på gode, norske mattradisjonar. Norske spesialitetar, som til dømes raspeball, kjøttkaker, fiskegrateng, lutefisk og fårikål vert servert i sesong. Og vi kan vel seie at våre kjøttkaker er dei mest populære i landet? Vi sel i alle fall over fire tonn kjøttkaker i året. Viste du at om du tek alle kjøttkakene og stablar dei oppå kvarandre så kjem du 625 meter opp i lufta. Til dømes så ligg Tryvannstårnet på 529 moh.

Den første Kaffistova opna i 1901 i Oslo sentrum. Sidan 1913 har Kaffistova halde til her i Rosenkrantzgate.

Gjestene våre femner alle grupper: journalistar, forretningsfolk, statsrådar, skodespelarar, advokatar, turistar, forfattarar og studentar.

Bilete frå gamledagar
Bilete frå gamledagar

Collage med fleire gamle bilete.