Raspeball med salt kjøtt og vossakorv

Dagens husmann

Raspeball

Tradisjonsmat frå klokka 12.00, måndag til torsdag. Kaffistova har servert norsk heimekos sidan 1901. Kvar dag får du ein rett som har nære røter i norsk matkultur, laga frå grunnen av og servert på tradisjonelt vis.

«heimelaga, slik vi lærte det av mødrene våre»

‍

Måndag
Seibiff med steikt løk, kokt potet, raspa gulrot og smør
255,-
F – G – M
Sei har vore ein vanleg kvardagsfisk i norsk husmannskost, og seibiff med løk er framleis ein av dei mest kjende fiskemiddagane i norske heimar.

Tysdag
Flesk og duppe med kålrabistappe og potet
255,-
G – M
Flesk og duppe har røter i bygde-Noreg, der bondefamiliar nytta alle delar av grisen. Tjukke skiver sideflesk vart steikte, og feittet frå panna vart til den kremete sausen som heiter duppe. Retten gav energi til lange arbeidsdagar på gardane. Sideflesket kjem frå Evanger på Voss.

Onsdag
Fiskegrateng med raspa gulrot og potet
255,-
F – G – M
Fiskegrateng er kvardagsmat som mange kjenner frå barndomen: mør fisk i kvit saus, med eit gyllent lag brødsmular på toppen. Hjå oss er han laga frå grunnen av, slik vi sjølve lærte han av mødrene våre.

Torsdag
Raspeball med salt kjøtt og vossakorv frå Evanger
325,-
G – M
Raspeball heiter komle, kompe, klubb eller potetball, alt etter kvar i landet du spør. På Vestlandet har torsdag lenge vore komledag. På Voss kallar dei dei raspekaker, og det som vart att vart gjerne stekt dagen etter og eten med smør eller sirup. Det salte kjøtet og vossakorven kjem frå Evanger Kjøtt på Voss.

Allergener:

F = fisk, G = gluten, M = melk. Har du allergi eller intoleranse, spør personalet.

Opne menyen som vedlegg »
Open menu attachment »book bord her »
Illustrasjon: Hotell Bondeheimen i gamledagar

‍

KAFFISTOVA

Sidan 1901

‍

Spreie norske mattradisjonar til nye generasjonar gjester

På Kaffistova i Oslo står norsk mat i fokus! Vi ligg midt i Oslo sentrum og her serverer vi vellaga, og sjølvsagt heimelaga, mat. Maten er laga av glade kokkar og konditorar - og basert på gode, norske mattradisjonar. Norske spesialitetar, som til dømes raspeball, kjøttkaker, fiskegrateng, lutefisk og fårikål vert servert i sesong. Og vi kan vel seie at våre kjøttkaker er dei mest populære i landet? Vi sel i alle fall over fire tonn kjøttkaker i året. Viste du at om du tek alle kjøttkakene og stablar dei oppå kvarandre så kjem du 625 meter opp i lufta. Til dømes så ligg Tryvannstårnet på 529 moh.

Den første Kaffistova opna i 1901 i Oslo sentrum. Sidan 1913 har Kaffistova halde til her i Rosenkrantzgate.

Gjestene våre femner alle grupper: journalistar, forretningsfolk, statsrådar, skodespelarar, advokatar, turistar, forfattarar og studentar.

‍

Bilete frå gamledagar
Bilete frå gamledagar

‍

‍

‍

‍

‍

‍

‍

‍

‍

Collage med fleire gamle bilete.